IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Mitt liv, mi helse, mitt ansvar

– eit mobilitets- og avspenningskurs

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka

til å endre det«


Slit du med stive musklar, og føler du ikkje strekk til i kvardagen?
Kjenner du at ryggen ikkje er heilt optimal, og har litt kroppsmerter her og der?
Har du høge skuldrar grunna mykje stress, og ein pust som er litt sånn her og der i løpet av dagen?
Fyll på ny energi som motiverer og gir større fokus på det som er viktig for deg i livet.
Få verktøy for å hente fram dine ressurser for egenhjelp.

Dette er eit kurs for deg som vil roe ned sinn og kropp i ei stressfri sone gjennom pust og avspenningsøvelser.
Få mentale og fysiske verktøy som kan hjelpe deg vidare i kvardagen, og ein forståelse på kvifor du har dei livsmønstra og tankesetta som du lever etter.

Kurset vil inneholde :

Meditasjon/mindfulness
Mobilitetsøvingar/balanse
Pusteteknikkar

MOBILITETSØVELSAR.
Auke smidigheita og bevegelsar gjennom enkle øvelsar. Vår mobilitet formast av våre kvardagslege gjeremål, og blir begrensa ved for lite varierte bevegelsar, som virvlar oss inn i nye muskelplager og ustødigheit. Ved å utføre mobilitetstrening regelmessig kan ein utbedre leddutslaga og dermed gjennvinne mobiliteten som ein gong var.

PUST.
Pusten påvirkar kroppen på godt og vondt. Du lærer pusteteknikkar som kan hjelpe deg fysisk og mentalt. Pusten er livsviktig og ein tek forgitt at den skal fungere som tiltenkt utan noko form for utfordring. Men sanninga er at sjølv om det skjer på automatikk så er den påvirka av vår ytre og indre tilstand. Dette gir ringverknadar til vår fysiske kropp og vår mentale helse. Så korleis pustar du? Pustar du med diafragma, vår pustemuskel, eller er alle andre musklar påkobla ved inn- og utpust ?

MEDITASJON OG AVSPENNING.
Meditasjon kan virke litt mystisk og udefinert for enkelte. Noko som ikkje er heil handfast. Meditasjon er pust og avspenning satt i system. Ein skrur ned tankekjøret og lar kroppen enkelt og greitt finne tilbake til sin balanse. Dette er noko alle kan få til med rette øvelser,og under rette forhold. Meditasjon handlar om å bli kjent med seg sjølv. Kven ein er, og kva ein står for. Stoppe litt opp og la kvardagen bli satt på pause og erfare at sinnet og tankar kan jobbe til din favør, istaden for å være til eit stressmoment. Ved å bevege seg ut i ei meditativ reise lærer en seg å navigere med ei større bevisstheit. Ein blir bevisst på kva tankemønster ein har og kan då lettare bytte ut dei mindre bra tankane som begrenser ein, med positive muligheitstankar. Dette og mykje meir skal vi ta tak i. Eit kurs som blir tilpassa kvar og ein , der ditt liv og di helse blir til ein større forståelse av at det er ditt ansvar.

Vi vil også kome inn på tema som:
Kvifor er det viktig å være bevisst sine verdiar og overbevisningar ? Korleis motiverer du deg? Korleis styrer ditt fokus ditt liv og kvardag? Mestring – kva betyr det i kvardagen? Bevisstgjerning av dine ressursar og ferdigheiter. Dette fordi ei bevisstgjering av dine levemønster, tankar og følelsar kan hjelpe deg til på ein kvardag som er meir i tråd med dine ønsker.

VELKOMEN


Kursstart Onsdag 06/11 kl 1800
hos Balanz Ørsta

Pris Kr. 1.990.-

Påmelding til post@balanzorsta.no eller kontkatskjema


Kurset vil gå over 5 dager, totalt 9 t.

Onsdag       6. Nov kl 1800 – 2030
Torsdag          7. Nov kl 1800 – 2030
Mandag           11. Nov kl 1800 – 1930
Mandag           18. Nov kl 1800 – 1930
Mandag           25. Nov kl 1800 – 1930

Skroll til toppen