Kva er Akupunktur ?
Tradisjonell kinesisk akupunktur er ein gamal diagnostikk -og behandlingsmetode som har blitt nytta i Østen i fleire tusen år. Det er ein trygg og effektiv behandlingsteknikk og eit godt supplement og alternativ til vestleg medisin. Gjennom samtale og bl.a tunge- og pulsdiagnostikk kjem akupunktøren fram til behandling som er tilpassa kvar enkelt. Sjølve behandlingsforma blir utført ved bruk av tynne nåler i utvalde punkt, som då stimulerer kroppen sine energibaner med den hensikt å ivareta/ gjenopprette balansen i kroppen. I akupunkturfaget har ein fokus på ei heilheitleg forståing av korleis det fysiske, emosjonelle, mentale og psykiske i menneskekroppen gjensidig påverkar kvarandre. Dersom det oppstår ubalanse i kroppen sitt energisystem , kan det skape forstyrringar som kan forårsake smerter og sjukdomstilstandar – akutte så vel som kroniske.
Vanlege behandlingsområde: Hovudverk/migrene, Allergi, Biholebetennelse – akutt/kronisk. Muskel- og skjelettplager /smertetilstandar Stressplager Søvnvanskar Menstruasjonssmerter/-problematikk, Plager ifbm overgangsalder, Svangerskapskvalme, Modningsakupunktur før fødsel/igongsetjing av fødsel Ufrivilleg barnløyse Mage-tarmproblematikk Nevropati Smertetilstandar UVI, ME, med meir,…
På Akupunkturklinikken blir du møtt av ei blid og hyggelig dame som heiter Tanja Heggen. Med snart 20 års erfaring i eigen klinikk (starta i januar i 2004) , er ho ein svært rutinert og erfaren akupunktør og gjer behandlinga til ei trygg og avslappande oppleving for deg. Det å sjå kvar enkelt og lytte til det du har å fortelje er viktig for henne før ho tilretteleggjer ei individuell behandling ut ifrå det du har formidla.
Sjukdomsmønster / grad av plager er unikt for kvart enkelt individ. Det personlege behandlingsopplegget består av at tynne nåler blir plassert i spesifikke akupunkturpunkt. I tillegg kan ein nytte elektroder på nålene 😊 elektroakupunktur), som bidreg til å forsterke akupunkturnålene sin effekt. Akupunkturklinikken tilbyr òg kopping/koppemassasje, som aukar sirkulasjon i muskulatur og bindevev. Både akupunktur og kopping er sirkulasjonsfremjande, avstressande og energigjevande og det er difor også mange som oppsøkjer klinikken for forebyggjande behandling og velvære ; ein treng ikkje å vente til ein blir sjuk for å nytte tradisjonell kinesisk medisin – å førebyggje er alltid enklare enn å behandle. Å ha ei innstilling om at forebyggjande behandling er ei god investering i eiga helse er alltid greit å ha og det kan spare deg for mykje unødvendige smerter og plager.
Kontakt info
Epost: tanjaheggen@proton.me
Tlf. 48117515