IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Mitt liv, mi helse, mitt ansvar

– eit mobilitets- og avspenningskurs

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka

til å endre det«


Føler du at du ikkje strekk til i kvardagen?
Har du høge skuldrar,stress,og såre musklar med ein pust som ikkje er optimal?
Kva med å fylle på med ny energi og få fokus på det som motiverer og er viktig for deg ?

Dette er eit kurs som vil roe ned sinn og kropp i ei stressfri sone gjennom pust og avspenningsøvelser. 
Gi deg mentale og fysiske verktøy som kan hjelpe i kvardagen, og ein forståelse på kvifor du har dei livsmønstra og tankesetta som du lever etter.

Kurset vil inneholde :

Meditasjon/mindfulness
Mobilitetsøvingar/balanse
Pusteteknikkar

MOBILITETSØVELSAR.
Auker smidigheita og bevegelsar gjennom enkle øvelsar. 
Vår mobilitet formast av våre kvardagslege gjeremål, og blir begrensa ved for lite varierte bevegelsar. Det virvlar oss inn i nye muskelplager og ustødigheit. Ved å utføre mobilitetstrening regelmessig kan ein utbedre leddutslaga og dermed gjennvinne mobiliteten som ein gong var.

PUST.
Pusten påvirkar kroppen på godt og vondt. Den er livsviktig og ein tek forgitt at den skal fungere optimalt. Men sanninga er at sjølv om pusten skjer på automatikk så er den påvirka av vår ytre og indre tilstand. Dette gir ringverknadar til vår fysiske kropp og vår mentale helse. Så korleis pustar du? Pustar du med diafragma, vår pustemuskel, eller er alle andre musklar påkobla ved inn- og utpust ?

MEDITASJON OG AVSPENNING.
Meditasjon er pust og avspenning satt i system. Ein skrur ned tankekjøret og lar kroppen finne tilbake til sin naturlige balanse. Dette er noko alle kan få til med rette øvelser og forhold. Meditasjon handlar om å bli kjent med seg sjølv. Det å bli bevisst på kva tankemønster ein har, dei begrensande tankane som har kome, slik ein får byte dei ut til løysningsorienterte tankar.

VELKOMEN 🌺


Kursstart Onsdag 06/11 kl 1800
hos Balanz Ørsta

Pris Kr. 2.600.-

Påmelding til post@balanzorsta.no eller kontaktskjema


Kurset vil gå over 6 dager

Onsdag 12. Feb kl. 1800 – 2100
Torsdag 13. Feb kl 1800 – 2100
Mandag 17. Feb kl 1800 – 2000
Mandag 24. Feb kl 1800 – 2000
Mandag 03. Mars kl 1800 – 2000
Mandag 10. Mars kl 1800 – 2000

Skroll til toppen