Korleis kan vi gå fram for å finne våre verdier og overbevisninger?
Vi vil mest sannsynlig oppgradere våre verdier og overbevisninger gjennom livet. Verdier får ei ny meining ved erfaring. Overbevisninger leggast vekk og blir erstatta ved oppdagelse av ny kunnskap. Første steg til å oppdage sine faktiske overbevisninger og verdier er å bli bevisst sine følelser og reaksjoner gjennom dagen. Kva du seier og kva du føler når du seier det. For har du ein følelse av balanse og tilfreds, så er du på linje med dine verdier. Vi har også det motsatte. Frustrasjonen tek deg fordi du ikkje får gjort det du har lyst til å gjere, eller at situasjonen du står i trakka på ein verdi av deg. Då er det verdiar som du anser viktig, som ikkje blir tatt omsyn til.
Verdier vil gjenspeile seg i kva vi prioriterer gjennom kvardagen, på ein eller anna måte. Kva valg du har gjort gjennom livet, kva du vil ha og ikkje vil ha i livet ditt, kva du har prestert og er stolt av, og kva du fryktar. Kva du bruker mest og minst tid og penger på. Kvar og med kven du søker råd hos, gjennom bøker, informasjon og kunnskap. Kven du respekterer og kvifor. Alt dette vil gi deg ein god indikasjon på kva verdiar og overbevisninger du har installert i deg og som er ditt kompass i kvardagen og livet ditt.
Ein fin måte å bli bevisst sine verdier på er å skrive ned ti av dine verdier som du anser som viktige i livet. Lag ein topp ti med dei viktigaste øverst, 1-10. Dette er verdiar som du mest sannsynleg har i livet ditt, og dei tre øvste er dei verdiane som du vil overholde og leve etter i kvardagen. Så kvifor står akkurat desse øvst på lista di? Og korleis speler dei inn i kvardagen din? Ta for deg kvar av dei tre øverste og noter ned tankar og overbevisninger som er knytt mot kvar av dei .
Dersom du finn dette både spennande og kanskje litt utfordrande er det mogleg å bestille coachingtime der eg som NLP Coach går nærmare inn på verdier og overbevisninger som ein har. Gjennom eit verdi intervju, setter eg søkelys på kva verdiar som er viktig for deg, og om overbevisningene du har tener deg eller begrenser din framgang i livet.